
Sommarsesongen 2026 blir det ny salsutstilling på Kviteseid bygdetun. Anders Kvåle Rue syner fleire av sine historiske illustrasjonar.
Anders Kvåle Rue (f. 1965) starta som teikneserieskapar på 1980-talet. Mange vil hugse «Sjøormen Sjur» som gjekk i Vest-Telemark Blad frå 1982 og som han fekk Kulturdepartementets teikneseriepris for. Han har teikna for Norsk Barneblad (m.a. «Tuss og Troll») og illustrert ei rekkje ulike seriar og bøkar.
I seinare tid har han vore mest kjend for sine nøyaktige og realistiske illustrasjonar til norsk vikingtid, m.a. i gjenfortellinga av «Heimskringla» (2002) og ikkje minst til den nye norske oversettinga av sagaverket «Flatøyboka» (2014-19).
Utstillinga viser illustrasjonar til ulike historiske periodar, som vil vere til sals.
Utstillinga er tilgjengeleg i opningstida til Kviteseid bygdetun.
| Utstilling av Anders Kvåle Rue på Kviteseid bygdetun (25 Jun 2026 - 15 Aug 2026) |
|---|
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For vikingane var brynestein…
Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Fyresdal bygdemuseum er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg? Loftet…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…