Utforsk Telemark

English

Norsk

Soger

  1. Kven var Juvekongen?
    Han blei ikkje fødd med sølvskei i munnen, men Olav Halvorsson Juve var så driftig i livet at han meir enn 180 år etter sin død går under namnet «Juvekongen».
  2. I eit langvarig kjærleiksforhold til Telemark
    Under ei reise til Hellas i 1958 besøkte ein aldrande Henrik Sørensen Apollotempelet i Delfi. Han skua utover det historiske landskapet. «Dette er jo som å stå på Ripilen og se nedover mot Bandak og Dalen», utbraut han.
  3. Den gåtefulle mellomalderballaden "Draumkvedet" blei oppdaga på 1800-talet i Vest-Telemark.
    Nesten like gamal som Eidsborg stavkyrkje. Funne og skrive opp på 1800-talet i ein radius på 30 kilometer rundt kyrkja. Det er Draumkvedet, den gåtefulle mellomalderballaden om Olav Åsteson som «heve sovi så lenjge».
  4. Hestekraft og kroppsarbeid
    Hesten var viktigaste arbeidsredskapen til bonden heilt fram til 1950-talet. Museumsbonden på Vest-Telemark Museum, Daniel Høstberger, prøvar å vere sjølvforsynt på gamlemåten på garden sin.
  5. Eldgamle lydar
    Korleis låt musikk i mellomalderen? Daniel Høstberger frå Mo er ein av dei som spelar på harpe, lyre og bukkehorn. Les om då han gjorde studioopptak i 2019
  6. Eventyrjenta frå fjellgarden
    Ho vaks opp i tronge kår som eitt av ti born på ein fjellgard i Skafså. Ingen ante at ho ville bli ein av Noregs mest folkekjære kunstnarar. Les den utrolege historia om Anne Grimdalen!
  7. Dei fire store
    Dei høyrde til om lag same generasjon, dei kom frå Vest-Telemark, dei reiste i Danmark og Frankrike. Saman står dei for mesteparten av skulpturkunsten rundt om i landet. Møt «Dei fire store» bilethoggarar frå Vest-Telemark!
  8. Det magiske vatnet
    Les om magiske Eidsborgtjønni, midtsommarnatten, den heilage Nikuls og André Bjerkes skrekkroman «De dødes tjern». Korleis heng dei saman?
  9. Ein verdsartikkel frå Eidsborg
    I meir enn 1000 år har brynestein frå brota i Eidsborg og Lårdal blitt eksportert til heile Europa. Frå vikingtid til 1950 blei millionar av bryner frakta ned Telemarksvassdraget og ut i den store verda – ein arbeidsintensiv bragd av dei sjeldne.
  10. Historia om Rui-jentene
    Mange har høyrt om Rui-systrene som budde åleine på ein forblåst husmannsplass i det bratte berget over Bandak. Kven var dei, og kva skjedde då dei skulle vitje kongen i Oslo?
  11. Napoleon sin hæl
    I 1878 var to unge prinsar på sightseeing i Vest-Telemark. Dei budde på Hotel Lastein på Dalen og skulle vitje Ravnejuv. Så skulle dei ta seg eit bad. Les kva som skjedde.
  12. Rallaren på Åmdals Verk
    Birger Bastiansen (90 år i 2018) har vore gruvearbeidar på Åmdals Verk i sin ungdom. Då verket blei stengd i 1945 var han med på å ta vare på historia, og han var sentral i oppstarten av guvemuseet på 1980-talet. Les eit intervju med han frå VTB.
  13. Skilegenden frå Morgedal
    Sondre Norheim var ein einer innan langrenn, alpint og hopp på 1800-talet. Han utvikla nytt utstyr og bidro til å spreie skigåing som fritidssyssel i både Christiania (Oslo) og USA. Les hans livshistorie her!
  14. Soga om Åse Stålekleiv
    Soga om «dronninga frå Eidsborg» er tett knytt til bygginga av «Stålekleivloftet» frå 1167 – sannsynlegvis det eldste profane trehuset i Europa. Men historia byr på meir enn det: sjalusi, tvikamp, drap og sjølvdrap. Om ho er sann, veit me ikkje. Men god er ho.
  15. Telemarkingen som dro til Sydpolen
    Som fleire i sin generasjon i Morgedal, var Olav Bjaaland skiløpar og skimakar i tradisjonen etter Sondre Norheim. I 1911 deltok han i Roald Amundsens ekspedisjon til Sydpolen (ein tur som kosta konkurrenten hans, Robert F. Scott, livet). Korleis dette skjedde, kan du lese her.
  16. Krafta som endra Vest-Telemark
    Vasskraftutbygginga i Vest-Telemark starta på 1950-talet og var i si tid Europas største. Les korleis det gjekk til at livet i avsides fjellbygder som Tokke og Vinje blei snudd på hovudet i løpet av nokre få år.
  17. Frå sagakjendisar til hollendarhandel
    Høyrt om Nerid den Gjerrige eller Ragnvald Heidumhære? Det gamle Telemark kan vise til ein rik vikingarv.
  18. Historiske podkastar
    «Telemarkpodden» er tittelen på ein serie med podkastar laga av NRK-profilen Styrk Fjørtoft. Her finn du bidraga frå Vest-Telemark!
  19. Tur til Skien i 1912
    For 100 år sidan var det andre forhold når ein skulle på skirenn. Avstanden var ikkje så lang som til Beijing, men turen kunne vera vel så strevsom og ta mange timar.

Ikke gå glipp av