Utforsk Telemark

English

Norsk

SKY CRASHERS - Brørne Hemmestveit og Aurora Ski Club of Red Wing

TypeTekstside

Morgedalvegen 159, 3848, Morgedal

Legg SKY CRASHERS - Brørne Hemmestveit og Aurora Ski Club of Red Wing til i reiseruten din.

The Sky Crashers 1890 - P. Henningsen, brørne Hemmestveit, B. L. Hjermstad, Norsk Skieventyr Morgedal.
  • The Sky Crashers 1890 - P. Henningsen, brørne Hemmestveit, B. L. Hjermstad, Norsk Skieventyr Morgedal.
  • Mikkel og Torjus Hemmestveit i klubbdrakten til Aurora Ski Club i 1890, gamalt foto, Norsk Skieventyr.
  • Gamalt foto, Nasjonalt hopprenn i Charlson Hill, Red Wing 1928. Norsk Skieventyr Morgedal.

Om

To kongepokal-vinnarar frå Morgedal utvandra til USA på 1880-talet - og skapte sjølve hoppsporten. I år kan du sjå utstillinga om brørne Hemmestveit og «Red Wing style»!


I sesongen 2026 skal Norsk Skieventyr vise utstillinga «SKY CRASHERS - Brørne Hemmestveit og Aurora Ski Club of Red Wing».
Rett etter at dei vann kvar sin kongepokal i Husebyrennet - høvesvis i 1886 og 1888 - utvandra brørne Mikkel og Torjus Hemmestveit frå Morgedal til USA.
«Snow-shoeing» (skigåing) og ikkje minst skihopp var heilt ukjende aktivitetar «over there»; det var berre skandinaviske innvandrarar som dreiv med slikt. Mikkel Hemmestveit viste fram kombinert-kunstane sine for alle på vinterkarnevalet i Minneapolis/St. Paul i 1887, og imponerte stort ved å hoppe 11,3 meter i skibakken i småbyen Red Wing, ikkje langt unna.
Entusiasmen for skihopp spreidde seg lynraskt i alle dei «skandinaviske» delstatane. Berre i Minnesota oppstod det 34 skiklubbar i løpet av få år.
I 1888 kom også Torjus Hemmestveit frå Morgedal til USA.
Som medlemmar av Aurora Ski Club of Red Wing blei Mikkel og Torjus USAs første skihopp-stjerner. Verdsrekordane deira på 31,1 (1891) og 31,4 meter (1893) blei ståande heilt til 1905.
Brørne skapte «Red Wing style», ein rak hoppstil utan stav, basert på Sondre Norheim sine Telemarks-hopp ein generasjon tidlegare. Stilen blei verdskjend og utgangspunkt for all hoppsport sidan.


Brørne opplevde både triumfar og tragediar i USA. Mikkel reiste attende til Noreg, medan Torjus blei buande. I 1928 fekk dei Holmenkollmedaljen saman.
Utstillinga vil fortelje amerikansk skihistorie med bilete, gjenstandar og film. Opningstilstelling blir sundag 3. mai. Då blir det også konsert med Ottar Kåsa og Laura Ellestad; «Hardingfela i Nord-Amerika». Høve til å spise middag i mellom. Me kjem tilbake med meir informasjon seinare.

Norsk Skieventyr har ope kl. 10-17 alle dagar mellom 1. mai og 15. september. Me tek i mot gruppebestillingar heile året.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Utstilling på Norsk Skieventyr 2026 (1 Mai 2026 - 15 Sept 2026)

Også i nærheten

  1. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    16 m Unna
  2. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    2.37 km Unna
  3. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    14.81 km Unna
  1. Kviteseid gamle kyrkje

    Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…

    14.91 km Unna
  2. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    16.53 km Unna
  3. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For vikingane var brynestein…

    21.92 km Unna
  4. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…

    22.46 km Unna
  5. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    22.46 km Unna
  6. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg? Loftet…

    22.55 km Unna
  7. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    22.59 km Unna
  8. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    22.61 km Unna
  9. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    24.78 km Unna
  10. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    27.61 km Unna
  11. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    31.81 km Unna
  12. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    31.85 km Unna
  13. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal bygdemuseum er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og…

    37.50 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av