Utforsk Telemark

English

Norsk

Soga om skisportens vogge - 30 år etter OL på Lillehammer

TypeTekstside

Morgedalvegen 159, 3848, Morgedal

Legg Soga om skisportens vogge - 30 år etter OL på Lillehammer til i reiseruten din.

Aslak og Signe i utstillinga SOGA OM SKISPORTENS VOGGE, 30 år etter OL på Lillehammer, Norsk Skieventyr Morgedal.
  • Aslak og Signe i utstillinga SOGA OM SKISPORTENS VOGGE, 30 år etter OL på Lillehammer, Norsk Skieventyr Morgedal.
  • Sondregruppa i Morgedal, skileik på gamalt vis, Norsk Skieventyr.
  • Marius Eriksen viser Telemarkstil i 1907

Om

I 2024-2025 viser Norsk Skieventyr i Morgedal utstillinga Soga om skisportens vugge - 30 år etter OL på Lillehammer.

I 1884 utvandra Sondre Norheim frå Morgedal til Nord-Dakota i USA.

Då hadde han vist fram bygdeleiken frå Morgedal – skigåing og hopp i laussno og ulendt terreng – i Kristiania (Oslo) fleire gonger sidan 1868.

I 1883 blei «Foreningen for Ski-idrettens fremme» grunnlagt, som ei direkte følgje av dei populære skirenna i hovudstaden. Foreininga standardiserte bygdeleiken og utvikla den til regulær konkurranseidrett utover 1880-talet.

Skikulturen og konkurransane i «Telemarkstil» blei del av nasjonsbyggingsprosjektet kring sjølvstendet i 1905. Sondre blei av patriotiske aktørar gjort til eit symbol for den norske skikulturen – saman med bygda Morgedal og landsdelen Telemark.

I utstillinga presenterast fleire av desse aktørane, og historia om korleis ideen om ein fakkelstafett frå Morgedal til vinter-OL blei lansert. Etableringa av Norsk Skieventyr A/S i forkant av Lillehammer-OL var ein direkte følgje av dette initiativet.

I utstillinga visast delar av den store samlinga av ski-pins som skihistorikar Jakob Vaage har gjeve til Skieventyret. 

Norsk Skieventyr har ope 10-17 alle dagar mellom 1. mai og 15. september. Me tek i mot gruppebestillingar heile året.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Soga om skisportens vogge - 30 år etter OL på Lillehammer (1 Mai 2024 - 15 Sept 2025)

Også i nærheten

  1. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    16 m Unna
  2. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

    Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…

    16 m Unna
  3. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    2.37 km Unna
  1. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    14.81 km Unna
  2. Kviteseid gamle steinkyrkje

    Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…

    14.91 km Unna
  3. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    16.53 km Unna
  4. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    21.92 km Unna
  5. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    22.46 km Unna
  6. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…

    22.46 km Unna
  7. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    22.55 km Unna
  8. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    22.59 km Unna
  9. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    22.61 km Unna
  10. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…

    22.71 km Unna
  11. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    24.78 km Unna
  12. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    27.61 km Unna
  13. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    31.81 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av