
Sommaren 2026 er kan du bli kjent med den særeigne kunstnaren Sveinung Svalastoga (1881-1938) frå Rauland. Då blir det utstilling på Dyre Vaa-samlingane med verk frå samlinga til Vest-Telemark museum.
Sveinung Svalastoga vaks opp på ein av dei største gardane i Rauland. Det var eit liv prega av hardt arbeid i ei tid der få hadde råd til å tenkje på kunst. Sveinung heldt likevel på gutedraumen, og utdanna seg til biletkunstnar. Sveinung var elev på skulen til Harald Brun i Oslo i 1904 - 1905. Samstundes gjekk han på kveldskurs ved Den kongelege teikneskule. I 1909 studerte raulendingen ved N. N. Dorphs målarskule i København.
Sjølv om Sveinung Svalastoga reiste ut og fekk nye impulsar, såg han på seg sjølv som ein bygdekunstnar. Etter utdanninga etablerte han seg på Running, ein gamal plass under Svalastoga som han kalla «Ura».
I ung alder pådrog Sveinung seg ei alvorleg skade i den eine foten. Foten kom til å plage han resten av livet. På eit tidspunkt måtte han gjennom fleire operasjonar på Rikshospitalet. Det blei starten på ein lang rekonvalensens. Sveinung låg på ivistoga i Svalastoga etter sjukehusopphaldet. I denne perioden tok han til å måle veggane på ivistoga. Han måla «Påskemorgon» på den eine veggen. Mange meiner at dette er det beste han har måla. Han fortsatte med å dekorere veggar og tak, og utsmykkinga av barndomsheimen var ferdig i 1925. Arbeidet førte til at han fekk i oppdrag å dekorere nybygde Møsstrond kyrkje i 1927. Dette blei det store gjennombrotet som kunstnar.
Blant andre arbeid som Sveinung Svalastoga står bak kan ein nemne «Draumkvede»-salen på kommunehuset i Rauland, altertavla til Tuddal kyrkje og utsmykking av peisestoga til fylkesmannsbustaden i Skien. Han fekk eit større oppdrag med å dekorere kyrkja i Hjartdal, men arbeidet blei ikkje fullført. Han viste også kreative evne i treskjering og dikting. Sveinung Svalastoga fekk på ny helseproblem, og døydde på sjukehus i 1938, 57 år gamal.
Utstillinga er tilgjengeleg i museets opningstider.
| Stengt måndagar. (25 Jun 2026 - 15 Aug 2026) |
|---|
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Myllarheimen er husmannsplassen der felespelaren Torgeir Augundson (1801-1872), best…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For vikingane var brynestein…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg? Loftet…
Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…