I sommarsesongen 2024 vil Anne Gro Røyland ha utstilling på Kviteseid bygdetun.
Anne Gro fortel at det var bestefar hennar, Sigurd Tveit, som langt på veg inspirerte ho til å byrje å teikne og måle tidleg i barndomen. Anne Gro vaks opp på Flatin i Kviteseid. Etter å ha utdanna seg som sjukepleiar og helsesyster busette ho seg i Hokksund saman med familien. Der driv ho som familieterapeut.
Som 18-åring gjekk Anne Gro Røyland på akvarellkurs hjå kunstmålar og typograf Sigrid Nordskog, som på den tida budde i Kviteseid. Ho har framleis sterke band til heimbygda med foreldre på Flatin, og hytte i Vrådal. Ho hadde si fyrste utstilling på Straand hotell i 2022.
Det er lokalstyret til Kviteseid bygdetun som har invitert Anne Gro til å stille ut på bygdetunet i sommar. Bileta er i hovudsak tilgjengelege i museets opningstid, tirsdag til sundag frå 25. juni til 15. august.
Måleriutstilling av Anne Gro Røyland (25 Jun 2024 - 15 Aug 2024) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag | Stengt | |
Tirsdag - Søndag | 11:00 | - 17:00 |
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…
Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…
Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…