
Velkomen til årets seminar om Draumkvedet!
Tema: «Vil du meg lye - eg kveda kan? Frå årestoge til konsertsal og attende. I høve 125. fødedag til Eivind Groven (1901-1977)»
Med Øyonn Groven Myhren, Ingvill Buen Garnås og Jøran Rudi.
Melodiane til Draumkvedet - velkjende for dei fleste frå Agnes Buen Garnås sin legendariske innspeling i Gjerpen kyrkje (1985) - har fått lite merksemd i forskinga. Dei fleste utøvarar song Draumkvedet for folkeminnegranskarane - men desse var sjeldan i stand til å hugse melodiane, enn seie å skrive dei ned.
Jørgen Moe, ein av dei fyrste som skreiv opp Draumkvedet, opplyser i 1850: «Musikken er nedskreven af Hr. Lindemann efter Hr. Ivar Aasens sang. Desværre kjendte denne ei Omkvædets Melodi».
Hr. Ludvig Mathias Lindeman - organist og komponist i Kristiania - var òg melodiansvarleg for M.B. Landstads bok «Norske Folkeviser» (1853) der Draumkvedet var med - der «Musikbilagene skyldes fornemmelig Præstedatteren, Jomfru Olea Cröger».
Lindeman gav ut «Draumkvæde» for song og pianoforte (klaver) året etter (1854). Den populære «kammersongaren» Thorvald Lammers spreidde denne utover det ganske land, og den blei ståande som utgangspunkt for alle seinare variantar.
Lindeman stod i Bach-tradisjonen. Hans harmoniseringar var tempererte, vil seie at naturtoneskalaens særeigne toneavstandar - slik dei førekjem i kveding - blei nivellert. Dette var naudsynt for å tilpasse musikken til moderne (vestleg) tonalitet som tillét rask veksling mellom ulike toneartar.
Komponist og folkemusikksamlar Eivind Groven var oppteken av å korrigere dette, og gjere «reinstemming» teknisk mogleg på moderne instrument bygd for temperert musikk. Han konstruerte reinstemmingssystem for ulike klaverinstrument, og - som ein av dei fyrste i verda - ein elektrisk «reinstemmingsautomat» for orgel eller syntesizer.
Seminaret tek for seg ulike aspekt av denne vandringa frå autentisk kveding til temperert konsertmusikk - og attende. På seminaret vil Øyonn Groven Myhren framføre utdrag av Draumkvedet til reinstemt harpsikord, og ein soloversjon i Eidsborg stavkyrkje.
Programmet er førebels, detaljar kan bli endra:
Frå kl. 08.30 Mingling med kaffe
09.15 Introdukjson ved formidlingsansvarleg VTM, Tilman Hartenstein
10.00 Føredrag ved kvedar Ingvill Buen Garnås: «Draumkvedet si tonedrakt - kjende melodiar og rommet for variasjon»
11.00 Kaffipause
11.15 Innlegg ved folkemusikar Øyonn Groven Myhren: «Eivind Groven sitt arbeide med Draumkvedet»
12.00 Lunsj
12.45 Omvising i Eidsborg stavkyrkje
13.30 Øyonn Groven Myhren framfører utdrag frå Eivind Grovens «Draumkvædet» til reinstemt harpsikord.
14.00 Kaffipause
14.15 Føredrag ved Jøran Rudi, styreleiar i Eivind-Groven-instituttet: «Frå kveding og seljefløyte til elektronisk orgel – Eivind Groven sitt arbeide med automatisk reinstemming»
15.30 Framføring av Draumkvedet ved Øyonn Groven Myhren i Eidsborg stavkyrkje
16.00 Slutt
Pris: kr. 650,- inkl. lunsj
Påmelding til th@vtm.no innan 12. mars
Tips til overnatting:
Dalen Hotel, Hotellvegen 33, 3880 Dalen,
dalenhotel.no tlf: 35 07 90 00 post@dalenhotel.no
Ca. 10 min. med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.
Dalen Bed&Breakfast, Aasmund Nordgaardsveg 6, 3880 Dalen,
dalenbb.com tlf. 928 17 012 info@dalenbb.com
Ca. 10 min. med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.
Morgedal Hotel, Haugivegen 4, 3848 Morgedal
morgedal.no tlf. 35068900 morgedalhotel@unikehoteller.no
Ca. 25 min. med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.
Morgedal Gjestehus, Haugivegen 4A, 3848 Morgedal
gjestehus.com tlf. 469 63 631 morgedal@gjestehus.com
Ca. 25 min. med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.
Straand Hotel, Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal
straand.no tlf. 35 06 90 00 straand@straand.no
Ca. 1 time med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.
| Sesong (21 Mar 2026) | ||
|---|---|---|
| Dag | Tider | |
| Lørdag | 09:00 | - 16:00 |
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg? Loftet…
Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske…
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…