Velkomen til ein kosleg ettermiddag på Norsk Skieventyr!
Kantina til Bjaaland serverar middag frå kl 14:00 til 16:00. Etter det vert det konsert.
Heidi Kvelvane og Symre Taugbøl Bang traff kvarandre på jazzlina ved Griegakademiet i Bergen og er saman duoen Bankvelv. Med kjærleik for folkemusikk har dei fordjupa seg i slåttespel frå vestlandet, overført frå tradisjonell trekkspel og hardingfele til meir utforskande saksofon og gitar. Resultatet er energisk og leiken improvisasjon med den tradisjonelle dansetakta som grunnlag. Prosjektet har hausta to sigrar i open klasse på kappleik og blitt spelt som konsert på blant anna Festspillene og Nattjazz i Bergen. Med instrumenta saksofon, hardingfele, gitar, akkordeon og song kjem dei til Skieventyret med eit variert repertoar av slåttar, salmer og folkeviser. Velkomen til ein sundagskonsert med stødig samspel og sitrande speleglede!
Inngang kr 200,-
Vel møtt til ein kosleg ettermiddag (14 Apr 2024) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Søndag | 16:00 | - 17:00 |
Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…