Sommaren 2025 kan du sjå «Lugar-Lars og andre figurar - spikkekunst frå Øyfjell og Ytre Vinje» i samlingshuset på bygdemuseet i Øyfjell.
130 figurar er samla inn totalt, og det er Magne Ljosdal, som du óg kan møte som museumsvert i Øyfjell, som har stått i bresjen for utstillinga. Den rommar lokal spikkekunst og viser alt frå dyrefigurar som fuglar og hestar til små figurgrupper.
Dei utstilte objekta er i hovudsak eigd av private samlarar. Her finn du arbeid forma av nevenyttige utøvarar som Steinar Hovden, Talleiv Nystog og Bjørn Eivindsson Surgrav. Jostein Rorge og Gjermund Drivarbekk er eksempel på spikkekarar frå vår eiga tid, medan Guro Sveinsdotter Rorge var noko så sjeldan som ei kvinne som spikka. Ho var tenestejente fødd i 1882. Det er difor moro å ha med ein hest som Guro har laga.
Olav H. Tveito er mannen som har forma Lugar-Lars og ein skokk med andre finurlege figurar. Han var mest kjend som handelsmann og felespelar. Det er mindre kjent at han óg var ein særs dyktig treskjerar, med stor sans for humor. Nokre av arbeida hans var utstilt på Handelstemnet i Skien i 1931 og 1932. Tveito var også representert i Kunstnernes forening i Kristiania.
Utstillinga kan kanskje freiste nokon til å ville uttrykke seg kreativt gjennom treskjering og spikking, men fyrst og framst er dette ei utstilling til å bli i godt humør av.
Utstillinga er tilgjengeleg i museets opningstider.
Sesong (21 Jun 2025 - 10 Aug 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag - Fredag | Stengt | |
Lørdag - Søndag | 11:00 | - 17:00 |
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske…