Utforsk Telemark

English

Norsk

Sommarutstilling på Grimdalstunet 2025

TypeUtstilling

Borsævegen 395 A, 3880, Dalen

Legg Sommarutstilling på Grimdalstunet 2025 til i reiseruten din.

Product Image
  • Product Image
  • Motiv av Heidi Sunde, sommarutstillinga på Grimdalstunet 2025.
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Kunstnarane Kari Rindahl Endresen, Hilde Grønstad Sunde, Violet Polsangi og Gunnar Birger Grunnvik stiller ut i underetasjen på Grimdalstunet i år. Bli betre kjent med dei under opningsarrangementet fredag 27. juni kl. 18.00.

NB: Sesongen på museet startar 25. juni.

Det er lokalstyret på Grimdalstunet som arrangerer den årlege sommarutstillinga.

Litt om utstillarane:

«Naturen har alltid inspirert meg, gitt meg opplevelser og vært inngangsporten til mitt kunstneriske virke» har Hilde Grønstad Sunde uttalt om sitt kunstnarlege virke. «Jeg ønsker at bildene mine skal fortelle litt om sårbarhet og få betrakteren til å reflekterer over ei urolig tid, men at det finnes håp. Menneskeskikkelene er små og naturen stor.» 
Hennar kunstnarlege bakgrunn har ho frå Statens kunst- og håndverksskole i Oslo. Etter fire og eit halvt års studium der, etterutdanna ho seg ved Lito og rader på samme skule. Hilde har hatt ei rekke utstillingar og er innkjøpt av offentlege institusjonar som Oslo kommune.

«Skjønnheten, kraften og råskapen i den nordnorske naturen virker sterkt inn på mitt kunstnerliv. Inspirert av lange vintre med dramatisk vær og lyse sommernetter med blikkstille hav, fanger jeg fjellene, husene og bryggene fra landsdelen min. Jeg lar meg inspirere av kraften i naturen, menneskemøter og levd liv. Jeg overfører inntrykkene til fargesterke malerier hvor lyset og kontrastene i nord er det viktigste jeg ønsker å formidle. Med en klar figurativ fortelling i bunn blander jeg inn en anelse abstraksjon» skriv Kari Rindahl Andersen om sin kunst. Ho flytta til Lofoten i 2022 og etablerte seg på øya Skrova ute i havgapet, der ho skapar bilete i ulike teknikkar.

Gunnar Birger Grunnvik er lokalkjent. Han er busett i Fyresdal, jobbar figurativt og har mellom anna stilt ut bilete i Galleri Samvirke i Vrådal, på Galleri Merleyn i Fyresdal og hatt utstilling på Jomfruland. Gunnar har gått i lære hos blant andre Jonny Andvik og Jan Petter Bratsberg.

Violet Polsangi er ein norsk-iransk kunstnar som arbeider med digitale grafiske trykk (D.G.A.), der ho kombinerar foto med eit målerisk uttrykk. Polsangi jobbar i tillegg med akrylmåling på lerret. Måleria hennar kjenneteiknast av ein fargerik palett og ein særeigen geometrisk stil som blandar abstrakte og konkrete element.
Polsangi blei født i Teheran. I tenåra gjekk ho i lære hjå fleire anarkjende persiske kunstnarar, og som 24-åring blei ho antatt ved biennalen på Teheran museum for samtidskunst. I 1993 flytta ho til Oslo. Polsangi har studert ved Einar Granum kunstfagskole og ho har utdanning som faglærar i kunst og handverk frå OsloMet.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Salsutstilling av kunst på Grimdalstunet 2025 (25 Jun 2025 - 15 Aug 2025)

Også i nærheten

  1. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    118 m Unna
  2. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    6.23 km Unna
  3. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…

    7.21 km Unna
  1. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    7.37 km Unna
  2. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    7.37 km Unna
  3. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…

    7.39 km Unna
  4. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    7.46 km Unna
  5. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    7.48 km Unna
  6. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    8.34 km Unna
  7. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    22.01 km Unna
  8. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    26.27 km Unna
  9. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal bygdemuseum er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og…

    26.31 km Unna
  10. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    27.50 km Unna
  11. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

    Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…

    27.50 km Unna
  12. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    27.84 km Unna
  13. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    32.31 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av