Utforsk Telemark

English

Norsk

«Akkurat her, akkurat no!» Ingebjørg Lognvik Reinholdt & Mattis Kleppen

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg «Akkurat her, akkurat no!» Ingebjørg Lognvik Reinholdt & Mattis Kleppen til i reiseruten din.

Ingebjørg Lognvik Reinholdt & Mattis Kleppen

Om

«Akkurat her, akkurat no» er ein ny konsertproduksjon og ein interaktiv folkesongkonsert som tek sikte på å vere ny kvar gong konserten framførast. Kvedaren Ingebjørg Lognvik Reinholdt vil nytte sitt store repertoar og sin kunnskap om kulturhistoria rundt – og ikkje minst historiene som finst inni songane – som utgangspunkt for ei song- og forteljarstund der publikum vil bestemme retninga for konserten.  Målet er å skape ein ny konsert kvar gong – og idéen til konserten er inspirert av slike tradisjonelle songstunder som det diverre vert færre og færre av rundt omkring. I tillegg vil konserten opne opp kjende og meir ukjende folkesongar og deira historier til nye publikummarar.

Som medmusikar har Ingebjørg Lognvik Reinholdt fått med seg  Mattis Kleppen. Han er kjend som ein innovativ bassist innanfor folkemusikk, der slåttespel på bass har blitt hans varemerke. Kleppen er òg ein god forteljar og glad i det improvisatoriske og spontane. Samspelet mellom Lognvik Reinholdt og Kleppen – både med tanke på det reint musikalske, men òg det improvisatoriske og spontane – vil utgjere ein spennande utgangspunkt for konsertane.  


Ingebjørg Lognvik Reinholdt
Ingebjørg Lognvik Reinholdt er ein allsidig folkesongar med varm, klar stemme og djup kjennskap til Telemarkstradisjonen. Ho har vore kvedar sidan barndommen, skapt fleire framsyningar – mellom anna Songen om Guro Heddelid for Riksscenen – og gjeve ut 4 album som solist, bl.a. soloplata Klokkur som ringjer deg heim, som vart nominert til Folkelarmpris.. I 2024 var ho programleiar og musikalsk ansvarleg for NRK-dokumentaren Draumkvedet – ein thriller frå mellomalderen.

Mattis Kleppen
Bassist og komponist Mattis Kleppen kombinerer Telemarkstradisjon med impulsar frå Vest-Afrika i si særeigne og nyskapande bassgitarspeling. Med doktorgrad i kunstnarisk utviklingsarbeid, seks eigne album og både Folkelarmpris og Landskappleik-sigrar, er han ein av dei mest særmerkte musikarane i feltet.
Denne kvelden møtest Ingebjørg og Mattis i si felles fascinasjon for Telemarks folkemusikk. Publikum får høyre både groovy dansetakter og vare viser – solo og i samspel – frå eit av landets rikaste tradisjonsområde.
 

Inngangspris: kr. 250,- (Halv pris med museets årskort)
Under 16 år: 150,-
Under 10 år: gratis
Billettar kan kjøpast på museet før konsertstart.
Konserten skjer i samarbeid med Sørnorsk folkemusikksenter.
 

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Konsert på Vest-Telemark museum Eidsborg (12 Apr 2026)
DagTider
Søndag16:00 - 17:30

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    31 m Unna
  2. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    64 m Unna
  3. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg? Loftet…

    116 m Unna
  1. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…

    194 m Unna
  2. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    208 m Unna
  3. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    919 m Unna
  4. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.55 km Unna
  5. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.56 km Unna
  6. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.62 km Unna
  7. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    20.94 km Unna
  8. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    22.59 km Unna
  9. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    23.69 km Unna
  10. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    25.51 km Unna
  11. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    25.57 km Unna
  12. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    30.95 km Unna
  13. Kviteseid gamle kyrkje

    Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…

    31.13 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av