For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

English

Norsk

Kaféen på Norsk Skieventyr

TypeSelskapslokaler

Vårstaulvg 2, 3848, Morgedal

Legg Kaféen på Norsk Skieventyr til i reiseruten din.

Detalj frå koldtbordet til Innsvingen Kafé

Om

Kaféen på Norsk Skieventyr tilbyr god mat til hyggelege prisar. Me lagar all maten frå botnen på vårt eige kjøken, og brukar mest mogleg lokale råvarer. Hjå oss er kvalitet og god smak i høgsetet!

Me er viden kjende for dei heimelaga kjøtkakene og den omnsbakte fisken me serverer. Det same gjeld den gode, gamaldagse lapskausen vår. Og på sundagar er flesk og duppe vår hovudrett.

Ynskjer du berre noko lett i farten kan me freiste med nysteikte baguettar og salatar. Den gode angen av svele kjenner du med det same du kjem inn døra ...! Dessertane og kakene våre er òg heimelaga, saftige og gode. Vår spesialitet er konfektkake, gulrotkake, ostekake og suksessterte. Dei to sistnemnde er glutenfrie!
 

Kafédrift i Morgedal har lang tradisjon

Morgedal Kro og Sondre Kro var kjende stoppestader for køyrande langs tidlegare E76, nå E134. Tradisjonen med eit hyggjeleg lokale, god service og heimelaga mat held fram i dagens kafétilbod i Morgedal.

Du kan velje mellom langbord eller mindre bord med plass til 5-6 personar. Me kan ta imot grupper inntil ca. 70 personar. I sommarsesongen har me uteservering. Nede mot vatnet har me benkar og bord, og der er du velkomen til å nyte medbrakt mat om du ynskjer det.

Treng du mat til selskap eller anna? Me leverer mat til små og store hendingar.

Ynskjer du å ha selskapet på Norsk Skieventyr har me mange spanande tilbod.

For å få vita meir om vår catering/selskaps meny, ta kontakt med matansvarleg Tone F. Gjerjordet,
tlf. 480 28 949
Norsk Skieventyr (Morgedal), tlf. 35 06 90 80, post@vtm.no 

Me har sjølvsagt gratis WIFI, og ligg midt mellom aust og vest like ved E-134 som gjer oss til eit praktisk treffpunkt for folk som treng ein stopp.
 

 

 

Fasiliteter

Generelle fasiliteter

  • familievennlig
  • gratis wifi
  • parkering for buss
  • turistinformasjon

Mat og drikke

  • catering
  • grill
  • lukkede selskap
  • lunch
  • middag

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • besøkssenter
  • museumsbutikk

Rabatter

  • gruppepriser

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069080

Åpningstider

Sesong (1 Mai 2020 - 14 Jun 2020)
DagTider
Mandag - Søndag10:00 - 17:00
Sesong (15 Jun 2020 - 15 Aug 2020)
DagTider
Mandag - Søndag10:00 - 18:00
Sesong (16 Aug 2020 - 31 Aug 2020)
DagTider
Mandag - Søndag11:00 - 17:00

Også i nærheten

  1. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

    Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…

    1 m Unna
  2. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    0 m Unna
  3. Øverbø - Sondre's heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    2.39 km Unna
  1. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    14.80 km Unna
  2. Kviteseid gamle steinkyrkje

    Kviteseid Gamle Kirke ligger ved Kviteseid Bygdetun, og er en steinkirke med bl.a.…

    14.89 km Unna
  3. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…

    16.55 km Unna
  4. Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…

    21.93 km Unna
  5. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…

    22.47 km Unna
  6. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…

    22.47 km Unna
  7. Vindlausloftet - verdas eldste bygg?

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege (ikkje-kyrkjelege)…

    22.56 km Unna
  8. Sveve høgt - leve fritt

    Utstilling med spektakulære naturbilete av fotografen Jostein Hellevik. Stod ved museet i…

    22.59 km Unna
  9. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    22.60 km Unna
  10. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling "Nærare naturen" med foto av Jostein Hellevik, og ei utstilling…

    22.60 km Unna
  11. Statkraft visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    22.62 km Unna
  12. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup.

    22.72 km Unna
  13. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    24.78 km Unna
Previous Next

Se også

From the Winter, Sondre's cabin with original skis outsideØverbø - Sondre's heim, KviteseidØverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

Morgedal Hotell, KviteseidMorgedal Hotell er eit hotell, tufta på gamaldags gjestevenskap med moderne faselitetar.  Tradisjon, kvalitet, hyggeleg atmosfære og stor fleksibilitet er hotellets varemerke.

Morgedal Camping, KviteseidMorgedal camping ligg idyllisk til ved Morgedalstjønni omskransa av gamalt kulturlandskap der skipioneren Sondre Norheim leika seg i dei bratte bakkan.

Norsk Skieventyr i Morgedal, KviteseidSkimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive utstillingar og fartsfylte filmar.

Ikke gå glipp av