Museumskafeen i Eidsborg har ope kvar dag frå 1. mai til 15. september. Me tar imot bestillingar for grupper og selskap stort sett heile året.
Me kan tilby catering, og har fleire alternativ til ulike prisar for store og små selskap. Både i Eidsborg og i Morgedal har me eigna lokale for kurs, konferansar, møter og selskap.
I moderne, ljose lokale med utsikt mot Eidsborg stavkyrkje og bygdetun med bygningar tilbake til 1100-talet, er museumskafeen ei fantastisk ramme for selskap. Maten blir produsera på eige kjøkken, og bruk av lokale råvarer er viktig. På vår meny finn du både tradisjonsmat og nye spennande rettar.
I kafeen har me småbord eller langbord alt etter kor mange som ynskjer å sitte saman. Me har god kapasitet, og kan ta imot grupper på opptil 100 personar. Me har gode lokale for møter, kurs, konferanser og selskap. Ta kontakt med oss for tilbod.
Merk: Ikkje catering i juli månad.
Les meir om kaféen i Eidsborg.
Kafeen på Norsk Skieventyr i Morgedal
Kafédrift i Morgedal har lang tradisjon. Både Morgedal Kro og Sondre Kro var kjende stoppestadar for dei som var køyrande langs tidlegare E76, nå E134. Tradisjonen med eit hyggeleg lokale, god service og heimelaga mat har vore sentralt for kafétilbodet i Morgedal.
Norsk Skieventyr kan ta imot grupper inntil ca. 70 personar, og har eige møterom for opptil 14 personar.
Du kan ringe direkte til kafédrivarane på tlf. 35 06 89 00, eller send ein e-post til museumskafe@unikehoteller.no
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske…
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…