For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Other Websites

Brochure - Contact Us

Brosjyre - Kontakt oss

Into the landscape

Legg Into the landscape til i reiseruten din.

Address

Brøløsvegen 28
3840 Seljord

Email

Telephone

Tlf: +47 35 05 04 00

Into the landscape

Om

Into the Landscape

International workshop 25th of September to 4th of October with Sami Rintala and Dagur Eggertsson.

Resultatet er tre treinstallasjonar bygd på lokale soger og landskapet dei står i.

32 studentar frå Master of Landscape Design of Politecnico di Milano, the Master of Interior Design of NABA og 6 scenografistudentar frå scenekunstakademiet i Fredikstad, Høgskulen i Østfold kom til Seljord 24.09.09 for å vera med på workshopen ”Into the Landscape”. Studentane budde i campinghytter på Bjørgesanden ved Seljordsvatnet. Det var óg med 4 professorar frå Milano.

Studentane fekk innføring i kulturbasert stadutvikling, prosjektet Seljord og sogene, soga om Sjøormen, arkitektur, design og kunst knytt til installasjon i landskapet. Studentane var på synfaring på dei tre stadane, dei teikna og designa og bygde installasjonane. Alt skjedde på 10 dagar. 
Det var 40 svært nøgde studentar som reiste frå Seljord, og omkvedet var at dette hadde vore ”once in a lifetime experience”. Dei hadde ikkje vore med på maken og rekna ikkje med å få oppleva noko liknande.

Saunaen i Vebekkdalen
I utgangspunktet var dette det punktet vi trudde skulle vera vanskelegast å få gjort noko spennande ut av. Men slik det ser ut nå ligg dette an til å bli ein attraksjon! Studentane under leiing av Sami Rintala (som det må nemnast er finsk...) har bygd ein vakker røyksauna! Ein treplatting er plassert innimellom trea ned mot vatnet. I den eine delen av konstruksjonen er der laga eit magasin av steinar for fyring. Omkring dette er det bygd veggar som eit lite rom med sittebenkar omkring. Dette rommet kan stengast av og låsast om ein ynskjer det. Resten av plattingen er open og blir ein stad folk kan gå ut på, sitje ned og sjå utover vatnet. Frå parkeringsplassen vert det bygd ei gangbru som også gjev rullestolbrukarar tilgang til plattingen. Heile konstruksjonen er løfta opp frå terreng for gå klar av normale flaumar. Tilgangen til vatnet vert løyst med sittetrinn på 50 cm ned til vatnet. Materialane som er nytta i ”saunaen” er tre. Gruva er bygd i stein og betong. Sami Rintala, Dagur Eggertson og Jan Feste har fylgd opp byggearbeida.

Viewpoint Grindekleiv

Staden som er vald ut ligg mellom gardane Strand og Manheim, langs den gamle ferdslevegen. Grunneigar er Harald Flaten. Plassen har eit flott utsyn over Seljordsvatnet og er spektakulær i seg sjølv! Studentane har vald å la det opne berget ligge uforstyrra med sitt flotte utsyn og har trekt installasjonen sin bakover og inn i mellom trea. Dette er eit klokt val ut frå omsyn til landskapet. Det er bygd 6 ”sitteboksar” eller små rom som er plassert i ein sirkel. Boksane har opning inn mot det indre sirkelen og skaper eit intimt rom der folk kan sitje i ly mot ver og vind og snakke saman frå kvar sin boks omkring ein bålplass. Samstundes vil ein frå boksane ha utsyn i mellomromma mellom motståande boksar. Eit innramma utsyn mot Gagnås gjer at ein kan sitje i ein av boksane og sjå ut mot Gagnås, samstundes som ein får forteljinga om Gonil Dale fortalt gjennom høyretelefonar kopla til mobiltelefon t.d. Dette er ein av ideane som har lege i formidlingsdelen av prosjektet Seljord og sogene heile tida, og det ser ut til å fint la seg integrere i installasjonen her. Materialane som er nytta er tre. Boksane er fundamentert i fjell og festa med på fire armeringsjern og stolpesko. Ingar Kvålseth har hjelp til med boring og fundamentering. Knut Ansgard Skrede har fylgd opp snekkerarbeidet.

Fishingpoint Telnesøyan

Staden ligg ytst på Telnesøyan; halvøya som stikk ut i Seljordsvatnet ved Telnessanden camping på Garvikstrondi. Grunneigar er Sigmund Telnes.

Dette er også ein svært vakker plass i seg sjølv. Ein er omgjeven av vatn på tre kantar og har vakkert utsyn oppover vatnet mot garden Nes og øyane Firingholmen, Tjuvholmen og Storøy. Svaberga går skrånande ut i vatnet og fjellformasjonar dannar ulike rom og bukter. Furuskogen ligg som bakvegg innover halvøya.

På det ytste punktet her dannar fjellet ei skorte der to berg går i ulike nivå ut i vatnet. I denne skorta har studentane laga ein moderne ”gapahuk”. Det er tatt utgangspunkt i at dette kan vera eit fint punkt for fisking. Ein liten sitteplass i ly for regnet er passa inn mot ein bygd bakvegg og ei gruve for å grille fisken er plassert ute på svaberget. Taket over sitteplassen binder saman dei to svaberga og dannar også ei enkel bru.

Materialane som er nytta i ”gapahuken” er tre. Gruva er bygd i stein og betong. Innfesting i fjellet er gjort med stålboltar. Arkitekt Dagur Eggertson har fylgd opp arbeida på plassen.




Map & Directions

View Also Around

Beslektet

Sjøormtårnet, Seljord

Også i nærheten

  1. Type

    Type:

    Kunstverk

    Kikkeskåp, Skuldalsbruri

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til...

    160 m unna
  2. Type

    Type:

    Arkitektur

    Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På...

    779 m unna
  3. Type

    Type:

    Arkitektur

    Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og...

    1.19 km unna
  4. Type

    Type:

    Innsjøer

    Sjøormen

    Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og...

    1.71 km unna
  1. Type

    Type:

    Kunstverk

    Kikkeskåp, Guro Heddeli

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til...

    1.95 km unna
  2. Type

    Type:

    Kunstverk

    Kikkeskåp, Kivlemøyane

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til...

    2.52 km unna
  3. Type

    Type:

    Kunstverk

    Kikkeskåp, Gonil Dale

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til...

    7.30 km unna
  4. Type

    Type:

    Kirke

    Flatdal Kyrkje

    Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare...

    8.92 km unna
  5. Type

    Type:

    Kunstverk

    Kikkeskåp, Ljose-signe

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til...

    9.08 km unna
  6. Type

    Type:

    Kunstverk

    kikkeskåp, Glima i Rupedalar

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til...

    9.30 km unna
  7. Type

    Type:

    Kunstverk

    Kikkeskåp, Tårån i troppin

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til...

    9.46 km unna
  8. Type

    Type:

    Antikviteter

    Galleri Nutheim

    Nutheim Galleri
    I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av...

    10.59 km unna
  9. Type

    Type:

    Opplevelsessenter

    Norsk Skieventyr, skimuseet i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive...

    11.80 km unna
  10. Type

    Type:

    Kulturmiljø

    Bruredynnan

    Bruredynnan uti enden av Seljordsvatnet ved Rondebergsåsane. På desse glatte fjellveggane...

    12.33 km unna
  11. Type

    Type:

    Arkitektur

    Telespinn

    Telespinn er et lite, miljøvennlig spinneri med butikkutsalg på gården Midt-Svartdal i...

    12.42 km unna
  12. Type

    Type:

    Kulturminne

    Blika gullgruve

    I 1880-åra vart det funne gull ved garden Blika i Svartdal. Det vart muta for gruvedrift...

    12.59 km unna
Previous Next

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen meter

Følg oss...